Om oss

Historia vår

100 år som samfunnsbyggar

Sidan 1918 har Stomas bidrege til elektrifiseringa av Stord og sunnhordlandsregionen, gjennom installasjon av elektriske anlegg i bustader, næringsbygg, kraftstasjonar, fartøy og oppdrettsanlegg, og gjennom sal av elektronikk til forbrukarmarknaden.

Stomas vart etablert av Ingolf Olsen i 1918 under namnet Stord Maskin- og Installasjonsforretning. Firmaet utførte «Prosjektering og bygning av Gårds- og Bygdeelektrisitetsverker» og «Lysanlegg for større og mindre Motorbåter og Dampskibe», og var også autorisert radioforhandlar.

 

Første firmaskilt – frå 1918

 

Fram til 1936 hadde selskapet berre ein til to tilsette, då det ganske enkelt ikkje var så mykje elektroinstallasjon å utføra på Stord. Den einaste kraftstasjonen i kommunen leverte berre 200 kW, så elektrisitet var i denne tida langt frå allemannseige.

Med meir kraft tilgjengeleg frå 1936 og utover, vaks også marknaden for Stord maskin- og installasjonsforretning. I tillegg til elektroinstallasjon i stadig fleire hus og næringsbygg, monterte dei no seks tilsette også elektriske motorar i Sildeoljefabrikken på Kjøtteinen – forgjengaren til dagens Kværner. Etter krigen vart det også opna elektrobutikk, og firmaet var lenge det einaste på Stord som både dreiv med elektroinstallasjon og forhandla elektronikk til forbrukarmarknaden.

 

        

 

På femti-, seksti- og byrjinga av syttitalet bestod mykje av arbeidet av elektroinstallasjonar i fiskebåtar, fraktebåtar, ferjer og redningskryssarar bygde ved Leirvik Sveis og Aker Stord. I 1960 flytta bedrifta inn i Sentrumsgården , der ho har halde hus fram til i dag.

I 1979 kjøpte Sunnhordland Elektro (SuE) aksjemajoriteten i selskapet, og namnet vart korta ned til Stomas AS. I 1985 sikra SuE seg resten av aksjane, og butikkdrifta vart skilt ut. Men før det var gått eitt år, var installasjonsbedrifta tilbake på banen igjen – med installatør og mesteparten av den tidlegare montørstaben attende i jobb hos Stomas.

På slutten av 70- og byrjinga av 80-talet hadde verksemda på det meste 40-50 tilsette, med fagfolk utleigde til både Aker Stord, Leirvik Sveis og Norwegian Contractors i Stavanger – samt eiga avdeling i Skånevik. Det største oppdraget i denne perioden var elektroinstallasjonen til utbygging av kraftstasjonen Blåfalli-Vik i Matre.

Sidan slutten av sekstitalet har Stomas også vore medlem og deleigar i Elektroinstallatørenes innkjøpslag, som seinare har skifta namn til Eifas, Eilag og Onninen. På 90-talet blei Expert-kjeda kjøpt opp av Eilag, og Stomas-butikken vart då ein Expert-butikk. Drifta av denne heldt fram i Sentrumsgården til desember 2001, då butikken flytta inn i nye lokale i Torghuset. I desember 2000 opna Stomas også Expert-butikk på Bømlo. Denne vart avvikla i desember 2002, og i 2012 vart også butikkdrifta i Leirvik sentrum avslutta.

Frå slutten av 80-åra og fram til i dag, har Stomas konsentrert seg om kjerneverksemda: El-installasjonar, service og vedlikehald i hus og næringsbygg. Firmaet har langvarige servicekontraktar med fleire faste næringskundar, og har lege jamt på mellom 15 til 20 tilsette.